Kvindernes Læseforening inviterer til forfattermøte med Sigri Sandberg, som presenterer boka «Det året eg vakna: Kva skjer med naturen – og oss?»

Forlaget skriver:
Sigri Sandberg har i store delar av sitt vaksne liv skrive om natur og friluftsliv i ulike sjangrar og publikasjonar. Men ho har vore for feig. Ho har fortrengt at skogane brenn, at havet stig, at vi står til hoftene i ei natur- og klimakrise. Ho har fortrengt at ho sjølv er natur, og ho har tatt avstand frå si eiga frykt. I denne boka erklærer ho seg difor skuldig i feigskap. Ho skriv seg inn i frykta, og inn i fakta – og krisene vi står i. For kva er det eigentleg som skjer, og kva gjer det med oss? Sigri skriv seg gjennom eit heilt år, skriv frå er ho er: i nord om vinteren, ved fjorden om våren, ved havet om sommaren og på fjellet om hausten. Lesaren får i tillegg til ei personleg forteljing også geologiske, biologiske, psykologiske og filosofiske perspektiv på problema vi står overfor.

Men er det mogleg å gå inn i desse brennaktuelle krisene utan å velte sjølv? Ta elendet inn over seg utan sjølv å gå til grunne? Og finst det eventuelt ein sti vidare? Det prøver denne boka å svare på.

Inngang: Kr 100 for medlemmer, og kr 150 for ikke-medlemmer.

Velkommen!

Dato

jan 28 2026

Tid

19:00

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

13 − four =

Translate »
Click to listen highlighted text!