MANGE TAKK!
Når eg frå 1. juli 2019 blir forfremma til AFP-pensjonist etter nær 22 lærerike og gilde år som biblioteksjef i Porsgrunn kommune, er det mange som må takkast.

Takk til kloke folkevalde som satsar på å utvikle Porsgrunn bibliotek som kulturarena og ein trygg, gratis møtestad til nytte og glede for små og store borgarar! Takk til alle gilde bibliotekbrukarar som dagleg gjev oss tibakemelding om kor mykje biblioteket betyr for dei!
Takk til alle gode samarbeidspartnarar , støttespelarar og vener av biblioteket!
Takk til gode kolleger på mange plassar i kommunen som har hjelpt meg med mangt og mykje så som personal- og økonomisaker, ikt-spørsmål og byggtekniske problem. Takk til kultursjef Mariann Eriksen og alle gilde kolleger i kulturvirksomheten for lærerikt og spennande samarbeid.

Og ikkje minst ei stor takk til mine kjære kolleger på Porsgrunn bibliotek!
Det skal bli spennande å fylgje dikkon nå når de skal utvikle biblioteket vidare saman med ny biblioteksjef Maria Guribye.
Eg helsar dikkon alle med dette diktet av Jan Spurkeland!

Dei blæs i segla mine
Du skulle ha møtt kollegaene mine
Dei har gjort underverk med meg
Dei bar meg fram til dåp etter dåp
og førde meg fram
til konfirmasjon etter konfirmasjon
Dei lærde meg det meste av det eg no kan

Du skulle ha møtt dei
Dei delte alt dei åtte
Romslege folk
Aldri såg eg dei unna meg motbør og strid
Dei blåste i segla mine so at det fossa
om baugen
Dei blæs enno i segla mine
lenge etter at eg er langt av lei

Beste helsing
Margit Kiland

Translate »
Click to listen highlighted text!